klubbe

Årsmøtet for Møre og Romsdal Folkemusikklag 2022

Årsmøtet for Møre og Romsdal Folkemusikklag for 2022 blir arrangert laurdag 2. april kl 13.00, Vestnes Frivilligsentral. 

Årsmøtet for Møre og Romsdal Folkemusikklag for 2022 blir arrangert laurdag 2. april kl 13.00, Vestnes Frivilligsentral. 
Frist for innsending av saker er sett til 7. mars 2022. 
Dersom ein ønsker å delta digitalt: send ein mail med påmelding til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 31.mars, så sender vi ut lenke (Zoom). 
 
Sakliste for årsmøtet 2022 for Møre og Romsdal folkemusikklag: 
1. Registrering av deltakarar med stemmerett
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Velje møteleiar, referent og to til å skrive under protokollen
4. Godkjenning av årsmelding 2021
5.  Godkjenning av årsrekneskap og revisormelding
6.  Godkjenning av budsjett og handlingsplan
7. Fastsetjing av lags- og medlemskontingent
8. Saker frå styret og medlemmane
9. Val av styre, revisor og valkomite
 
 
 
 

Årsmøte vert halde kvart år og skal avviklast seinast 2 veker før landsmøtet i FolkOrg. Kvart lokallag har rett på 2 utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i fylkeslaget. Styret har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap.

Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet til avgjerd, må sendast styret seinast 5 veker før årsmøtet. Laga skal ha melding om årsmøtet i god tid før denne fristen. Sakslista vert sendt lokallaga minst 3 veker før årsmøtet. Alle saker som ikkje gjeld oppløysing eller lovendring, vert avgjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal avgjer leiaren si røyst utfallet.

Årsmøtet skal

1) Velje møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka saman med møteleiaren

2) Handsame styret sitt framlegg til årsmelding, rekneskap og arbeidsprogram for komande år

3) Fastsetje kontingent

4) Velje styre med varamedlemmer, revisor, valnemnd, og utsending(ar) til årsmøtet i FolkOrg

5) Handsame andre saker som er tekne opp av styret eller lokallaga og som ligg innanfor føremålet for organisasjonen