sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik i Ålesund

No er det berre å glede seg til Sjokoladekappleiken i Ålesund 5. november.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med sang, spel eller dans, som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøverar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøverar. Dette er ein fin anledning til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!

Tid/stad: Søndag 5. november frå kl 12.00, Blindheim Ungdomsskole
Påmelding: Send påmelding på epost til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 12. oktober 2017.
Deltakaravgift: GRATIS!!!
Arrangør: Ungdomslaget Ivar Aasen og Møre og Romsdal Folkemusikklag