23244562_1432973966798267_3253697170989227922_n

Tradisjonskurs i Volda

Velkomen til kurs i folkemusikk, -song og -dans. På Tradisjonskurset får deltakarane undervisning av svært kyndige instruktørar innan dans, fele- og hardingfelespel, song og torader. Kursa er berekna på born, unge og vaksne.

Kurstilbod for dei yngste:
Fele/hardingfele - Jan Beitohaugen Granli
Song/kveding - Lina Rebekka Kobberstad

Kurstilbod for dei vidarekomande: 
Hardingfele fordjupning – Frank Henrik Rolland
Fele fordjupning – Erlend Viken
Torader – Rune Sjurgard
Folkedans - namn kjem

Kurstilbod for dei i ungdomsskulealder og oppover:
Raudan gull 3:
Me inviterer utøvarar på song, spel* og dans frå ungdomsskulealder og oppover til å bli med på prosjektet. Tradisjonsmateriale frå Ørsta og Volda vil bli spesialarrangert til prosjektgruppa, men deltakarane må veldig gjerne kome frå heile fylket++, då noko av målsettinga er å skape eit større miljø for ungdomar i sjangeren. På grunn av at arrangementa blir spesialskrivne er me avhengig av bindande påmelding innan 15. september til folkemusikk@hivolda.no. Samlingane vert 2.-3. nov. 2018 + 11.-12. jan. 2019 og går føre seg i Ørsta og Volda, og vil avsluttast med ei konsertframsyning. 
(*Fele er hovudmålgruppa, men i og med materialet blir spesialarrangert opnar me for at også andre instrument kan vere med. ) 
Instruktørar: Jorun Marie Kvernberg, Oline Løvlid og Anna Gjendem.

Fleire kurs kan kome til.

 

Tid:Laurdag 3. november kl. 12.00-17.00.

Stad:Ørsta/Volda
Kursavgift:Kr 200 for born og kr 500 for vaksne.

Mat:Fruktmåltid og middag inkludert i prisen. 

Påmelding:Pr epost til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 15. oktober 2018.

Arrangør:Møre og Romsdal Folkemusikklag i samarbeid med
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (arrangør av toraderkurset)