Sjokoladehelg i Ålesund 1. og 2. november

sjokoplakaten__500x698[2].jpg

Lær meir om vår lokale tradisjonsmusikk - kurs for born i Ålesund!

Visste du at Møre og Romsdal har sin heilt spesielle tradisjon innan musikk og dans?! Bli med på ei spanande kurshelg der du vår lære meir om denne tradisjonen, særskild for vårt distrikt.

Lær meir om vår lokale tradisjonsmusikk - kurs for born i Ålesund!

Visste du at Møre og Romsdal har sin heilt spesielle tradisjon innan musikk og dans?! Bli med på ei spanande kurshelg der du vår lære meir om denne tradisjonen, særskild for vårt distrikt. Laurdag 1. november samlar vi noken av dei beste instruktørane innan folkemusikk og -dans i Ålesund for å gi born og unge ein fin introduksjon til vår lokale tradisjon. Her blir det kurstilbod både for dei som kan litt om dette frå før og for dei ikkje kan noko. At ein er nysgjerrig på nye inntrykk er god hjelp, her blir mange nye lydar, spanande historier og kjekke møter å ta med seg vidare. Søndag er det Sjokoladekappleik der alle born og unge kan delta med sitt folkemusikkuttrykk. Kanskje har du lært ein ny melodi eller vise som du ønskjer å vise fram? Kappleikspremien er velsmakande sjokolade - la deg gjerne freiste!

Kursprogram - laurdag 1. november:

Kurs i felespel  - instruktør er Elin Dyrkorn (Ørskog)

Kurs i hardingfele - Instruktør er Jorun Marie Kvernberg (Volda)

Kurs i vokal folkemusikk - Instruktør er Kine Iselilja Gyldenskog (Tingvoll)

Kurs i folkedans - Mari-Andrea Ness og (Førde) Vidar Underseth (Ålesund)

Deltakaravgift: kr 250,- per stk. Inkluderar kursavgift og lunch/fruktmåltid laurdag.

Program for kursdagen:

11.00 - Oppmøte og registrering

12.00-14.00 - Kursbolk 1

14.00-15.00 - Matpause

15.00-17.00 - Kursbolk 2

18.00 - Middag og kveldsarrangement på UL Ivar Aasen si hytte for alle som skal overnatte.

Overnatting - laurdag til søndag:

For den som ønsker å overnatte blir det rimeleg overnattingsmoglegheit på hytta til Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund. Pris 200 kroner inkl. kvelds lørdag og frokost søndag.

Påmelding:

Rekkefølga på kursa blir tilpassa når vi veit kva dei enkelte er interessert i. Påmelding til folkemusikklag@hotmail.com innan 26. oktober.

Påmeldinga må innehalde:

1. Navn og alder på deltakar(ar)

2. Kursønsker (minimum to stykk). Gjerne litt info om kor lenge ein har spela/dansa etc.

3. Navn, telefonnummer og adresse til deltaka(ane) sin kontaktperson

4. Ønskjer de overnatting mellom laurdag og søndag.

 

Påmelding - sjokoladekappleik må innehalde:

1. Navn på person/gruppe/lag.

2. Spel, dans eller song?

 

Søndag 2. november - Sjokoladekappleik *

tevling og utdeling av SJOKOLADE!!!

*Meir info følger!