sjokoplakaten_

Sjokoladekappleik i Ørsta/Volda 2018

Ørsta og Volda folkedanslag inviterer til Sjokoladekappleik 4. november.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans, som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er ein fin anledning til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade!

Tid: Sundag 4. november frå kl. 12.00
Stad: Ørsta/Volda (info om lokale kjem)
Deltakaravgift: GRATIS!
Arrangør: Ørsta og Volda folkedanslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag
Påmelding: Send påmelding på E-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 15. oktoberKontaktinfo / informasjon: mrfolkemusikklag@gmail.com